Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Yoga for menn

Yoga for menn er eit kurs for menn i alle aldre som ynskjer å lære enkle yogateknikkar.

Visste du at yoga opprinneleg var berre for menn?

Menn burde koma seg på yogamatta minst like ofte som kvinner. Likevel er det  flest kvinner som vel å gå yogakurs. Karar kan ha minst like stor glede av yoga som det kvinner har, så kva er det eigentleg som held deg att?

Yoga for menn passar:

  • Menn i alle aldersgrupper
  • Menn som har lyst til å lære enkle yogaøvingar spesielt eigna for menn
  • Menn som har lyst til å forebyggje skader og helseplagar

Dette lærer du under yogakurset

  • Yogaøvingar som kan lindre generelle plager
  • Yogaøvingar som kan gjera deg mindre stressa
  • Yogaøvingar som kan styrke muskulaturen

Øvingane vi tek for oss under eit yogakurs for menn er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.

Du treng ikkje å vera topptrent for å vera med på kurset.  Det held lenge at du har lyst til å kjenne kor stor effekt små øvingar kan ha.

Ta kontakt om yoga for menn

Back to top