Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Yoga for kvinner

Yoga for kvinner er eit kurs for jenter i alle aldre som ynskjer å lære enkle teknikkar.

Etter ynskje frå kursdeltakarane mine, har eg valt å ha eigne yogagrupper for menn og kvinner, i tillegg til fellesgrupper.

Det er ikkje utan grunn at det blir arrangert eigne kurs i yoga for kvinner. Enkelte delar av yogatradisjonen er spesielt godt eigna for kvinner.

I tillegg til å hjelpe deg til å føle deg betre i kvardagen, kan yogateknikkar for kvinner lette hormonelle plagar.

Yoga kan også redusere stressrelaterte plager som kvinner kan få etter å ha jobba meir eller mindre fulltid både heime og på jobb over lengre tid.

Yoga for kvinner passar:

  • Kvinner i alle aldersgrupper
  • Kvinner som har lyst til å lære yogaøvingar som kan dempe helseplager
  • Kvinner som vil prøve grunnleggjande yoga spesielt retta mot kvinner

Dette lærer du under yogakurset

  • Yogaøvingar som kan lindre typiske kvinneplager
  • Yogaøvingar som kan dempe generelle helseplager
  • Yogaøvingar som kan gjera deg meir avslappa

Øvingane vi tek for oss under eit yogakurs for kvinner, er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.

Du treng ikkje å vera i god form for å vera med på kurset.  Det held lenge at du har lyst til å kjenne kor stor effekt små øvingar kan ha.

Ta kontakt om yoga for kvinner

Back to top