Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Yoga for alle

Lyst til å lære yoga i fellesskap med andre – uansett alder og kjønn? Meld deg på yogagruppa «Yoga for alle».

Sjølv om enkelte synest at separate yogakurs for menn og kvinner er bra når ein vil fokusere på heilt spesielle plagar, er det svært mange som set pris på felles yogagrupper for alle kjønn.

Stemninga har lett for å bli ekstra god i blandagrupper, og med god stemning er det også lettare å få god effekt av øvingane.

Yoga for alle passar for:

  • Alle kjønn som ynskjer å lære yogaøvingar som kan dempe helseplager
  • Alle kjønn som vil prøve grunnleggjande yoga i fellesskap med andre

Dette lærer du

  • Yogaøvingar som kan lindre generelle plager
  • Yogaøvingar som kan gjera deg meir avslappa

Øvingane vi tek for oss er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.

Du treng ikkje å vera i god form for å vera med på kurset.  Det held lenge at du har lyst til å kjenne kor stor effekt små øvingar kan ha.

Ta kontakt om yoga for alle

Back to top