Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Nybegynneryoga

Er du nysgjerrig på yoga, men ikkje heilt sikker på om det er noko for deg? Prøv nybegynneryoga.

Du har kanskje høyrt at yoga kan gjera deg både mindre stressa og dempe helseplager, men likevel ikkje teke det fyrste steget og prøvd yoga?

Det er rart med det: dørstokkmila kan vera uendeleg lang, og vegen blir gjerne enda lenger når noko er nytt og ukjent.  Eit enkelt nybegynnerkurs gjer det lettare å koma seg over dørstokken.

Nybegynneryoga passar:

  • Dersom du har lyst til å prøve yoga for fyrste gong
  • Dersom du har prøvd yoga tidlegare, og ynskjer å fortsetje på eit grunnleggjande nivå
  • Dersom du har lyst til å lære enkle øvingar som du også kan gjera heime

Dette lærer du under yogakurset

  • Enkle yogaøvingar
  • Nokre av dei mest grunnleggjande øvingane i tradisjonell yoga
  • Enkle yogaøvingar som kan dempe helseplager

Øvingane vi tek for oss under eit nybegynnerkurs i yoga er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.

Du treng slettes ikkje vera mjuk i skrotten for å vera med på eit yogakurs.  Det held lenge at du er nysgjerrig på korleis du kan bruke enkle yogaøvingar for å få det betre i kvardagen.

Ta kontakt om nybegynneryoga

Back to top