Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Bedriftsyoga

Bedriftsyoga er ei god investering dersom du ynskjer meir tilfredse tilsette og mindre sjukefråver på grunn av arbeidsrelaterte plager.

Jobbar du i ei bedrift med tilsette som slit med ryggproblem, stresshovudpine, eller spente musklar? Noko av det smarteste du kan gjera, er å investere å helsa til dei som arbeider i bedrifta di.

Yoga på arbeidsplassen er ei god investering. Fyrst og fremst for dei tilsette, som kan nyte den gode kjensla av mindre stress og meir energi etter ein yogatime på arbeid, men også for bedrifta som får igjen for investeringa i form av mindre sjukefråvær. 

Bedriftsyoga passar for:

  • Bedrifter som ynskjer tilsette med god helse
  • Bedrifter som ynskjer mindre sjukefråvær og betre arbeidsmiljø
  • Kontorbedrifter og produksjonsbedrifter med statiske/einsidige arbeidsoppgåver

Dette lærer du under yogakurset

  • Enkle øvingar som hjelp mot fysiske plagar og stress
  • Korleis bruke yoga for å få betre helse
  • Yogaøvingar som forebygger skadar og sjukdommar

Øvingane under bedriftskurset i yoga er enkle, slik at dei tilsette kan gjera nokre av øvinga sjølv etter kurset. Dei tilsette treng heller ikkje vera mjuke eller i god form for å delta i bedriftsyoga.

Og du: eg tek meg gjerne ein tur til deg for å ta ein prat og skreddarsy eit opplegg som passar dei tilsette.

Den praten skal ikkje koste deg ei einaste krone. Det viktigaste for meg er å kunne tilby yoga som er tilpassa akkurat di bedrift.

Ta kontakt om bedriftsyoga

Back to top