Jotunheimen Yoga held yogakurs i Lom – midt i hjarta av vakre Jotunheimen. Bli med på ei reise ut i naturen og inn i deg sjølv.
Tradisjonell yoga har sterke band til naturen. Eg er oppteken av at menneske og natur høyrer saman, og kombinerer difor yoga med vakker natur.
Gjennom rolege yogaøvingar i berolegande omgjevnader hjelp eg deg med å finne balansen i deg sjølv, slik at du får det betre i både kropp og sinn.
Yoga er ikkje så skummelt som du kanskje trur. Målet mitt er at du, uansett alder og fysisk form, skal få moglegheit til å oppleve den fantastiske kjensla av ro og balanse etter å ha gjennomført nokre enkle yogaøvingar.
Difor tilbyr eg yogakurs som passar for absolutt alle.
I vintersesongen held eg ulike yogakurs kvar veke. Eg tek også på meg kurs ute i nærområdet kring Lom.
Kanskje du har lyst til å prøve yoga på arbeidsplassen? Eg tek gjerne turen til bedrifta di for å halde bedriftsyoga.
I sommarmånadene held eg eigne sommarkurs i yoga, og ikkje minst fjellyoga.
Kristin – yogainstruktør i Jotunheimen Yoga